Beitostølen 17.11.2012:

Postet av Markane IL den 18. Nov 2012

 Johan Eirik Meland tildelt midlar frå Ole Einar Bjørndalen fondet!

Ole Einar Bjørndalen og Johan Eirik Meland. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Ole Einar Bjørndalen overrekkjer beviset på at Johan Eirik Meland er tildelt 15000 kr i midlar frå Ole Einar Bjørndalen fondet 2012. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Det var ingen lokale løparar på start i sesongopninga på Beitostølen. Verken Johannes Thingnes Bø eller Tarjei Bø var heilt i form, og stod dermed over rennet. Johan Eirik Meland var kvalifisert, men fekk likevel ikkje gå på grunn av stor påmelding av seniorar. NRK hadde sett ei grense på 80 startande og dermed fekk ikkje alle dei kvalifiserte juniorløparane gå dagens renn.

Det vart likevel ei innbringande helg både for Johan Eirik Meland og Johannes Thingnes Bø. Johan Eirik vart tildelt 15 000kr frå Ole Einar Bjørndalen fondet som er sponsa av XL-bygg. Stipendet vert utdelt til unge lovande løparar for å stimulere til vidare satsing. Ole Einar Bjørndalen stod sjølv for utdelinga.

Under middagen med skiskyttarforbundet fredagskvelden fekk Johannes Thingnes Bø utdelt 27 500 kr for dei tre sigrane i jr. VM skiskyting 2012. Johannes var dessverre ikkje sjølv tilstades under utdelinga. Johan Eirik Meland fekk utdelt kr 10 000 kr for sin samanlagtsiger i Norgescupen for 18-åringane.

Sjølv om det ikkje var løparar frå Markane IL på start i dagens renn, vart det likevel ein nordfjording på pallen. Ronny Hafsås frå Stårheim IL gjekk inn til ein flott andreplass i sitt comeback som skiskyttar berre slegen av Martin Fourcade frå Frankrike.

Ole Einar Bjørndalen, Johan Eirik Meland og Tora Berger. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 Johan Eirik Meland mottok også kr 10 000 for samanlagtsigeren i Norgescupen for 18-åringar. Her flankert av Ole Einar Bjørndalen og Tora Berger. Foto: Team Statkraft Nordfjord 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.