Hopland 02.09.2012:
Postet av Markane IL den 3. Sep 2012
God innsats av unge markaneløparar i Kleiva opp!
Årets Kleiva opp sette ny deltakarrekord med 103 deltakarar. Av desse stilte 40 opp i konkurransen enten på sykkel eller løp. Simon Hjelmeset Kirkeeide og Aksel M. Meland deltok i klassa for gutar 12-13 år og gjorde det svært bra med høvesvis andre- og tredjeplass. Eirik Rauset vart klassevinnar.
I klassa for herrar 16-19 år kom Grunde Breidablik på andreplass. Isak Flo Bødal frå Stårheim IL vann både klassa og løpet totalsett med tida 31min 50s. I dameklassane vart Merete Helgheim også i år vinnaren med tida 39min 17s.
I sykkelklassa vart det siger og ny løyperekord til Øystein Kristiansen frå IL Veten på 28min 31s. Dameklassa vart vunnen av Janne Kreuter Bruhn-Henriksen på tida 38min 14s som også er ny rekord.
Komplett resultatliste er lagt ut nedanfor. Sjå elles arrangørens heimeside.
Resultatliste frå Kleiva opp 02.09.2012. Arrangør Hardbagg IL
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024