Kontiolahti 20.02.2012:
Postet av Markane IL den 20. Feb 2012
4.plass til Johannes Thingnes Bø på normaldistansen i jr.VM
Johannes Thingnes Bø under Norgescupen på Geilo. Foto: Anders Vonheim
Johannes Thingnes Bø vart nummer fire på normaldistansen i ungdomsklassen i Junior-VM i skiskyting i Kontiolahti. Normaldistansen var det første løpet i årets jr. VM.
Johannes pådrog seg seks bom og fekk dermed seks tilleggsminutt. Dermed var han sjanselaus i kampen om sigeren. I løypa var han klart raskast. I mål var differansen fram til vinnaren Aristide Begue frå Frankrike som berre hadde eit tilleggsminutt, på 1 min 33 sekund. Det var på dei to siste skytingane at Johannes mista sigeren med to tilleggsminutt på kvar.
Neste individuelle løp i jr.VM er sprinten på fredag 24.februar.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024
Lagsdrakter
01.03.2024