Anterselva 25.1.2015

Postet av Markane IL den 26. Jan 2015

Stafettsiger i verdscupen til Tarjei og Johannes

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø.

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjekk begge på vinnarlaget i stafett i Anterselva.

Johannes Thingnes Bø gjekk ei flott 3. etappe på det norske laget som vann stafetten i Anterselva i dag. Ole Einar Bjørndalen gjekk første etappe på laget medan Tarjei Bø gjekk på andre. Tarjei brukte eitt ekstraskot på si etappe. Han sende Johannes ut i løypa 38 sekund bak leiande Frankrike.

Johannes hadde ein god dag i løypa. Sjølv om han måtte til med to ekstraskot på første skyting så tok han inn på forspranget til franskmannen Destieux og tyske Ard Pfeifer. Ståande skyting vart gjennomført perfekt og på den siste runden gjekk han opp i ryggen og forbi leiande Ard Pfeifer før han veksla med ankermann Emil Hegle Svendsen.

Emil Hegle Svendsen skaut 10 blanke treff på si etappe mot tyske Simon Schempp sine tre ekstraskot. Dermed vann Norge ein suveren stafettsiger i Anterselva.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.