Markanebadinga

Postet av Markane IL den 14. Sep 2019

Oppstart haustsesongen 2019: måndag 16. september kl.1900 i Stryn symjehall

Eigenandelen for sesongen 2019/2020 Born kr.300,- Vaksne kr.500,- Familie kr. 950,-

                                                        Dei som deltek på badinga, må vere medlemer i Markane IL.

Kvar måndag fram til påske!




Innbyding til o-løp i Sunnfjord 14.-15.9.2019

Postet av Markane IL den 2. Sep 2019



Førde IL og Tambarskjelvar IL innbyr til o-løp i Sunnfjord 14.-15.september.  


Laurdag 14.september vert det sprintløp i Førde medan det vert KM-lang i Naustdal 15.september. Km-lang er også det siste løpet i ungdomscupen 2019.

For alle detaljar sjå vedlagt innbyding. Påmelding innan 12.9.

Innbyding til o-løp i Sunnfjord 14.-15.9.2019



Resultatliste frå nær-o-løp på Tverrfjellet 29.8.2019

Postet av Markane IL den 2. Sep 2019



Torsdag 29.august arrangert Markane IL nær-o-løp på Tverrfjellet. I alt 24 deltakarar stilte opp på løpet. Her er resultatlista.

Resultatliste frå nær-o-løp på Tverrfjellet 29.08.2019



Miljøsamling på Ullsheim

Postet av Markane IL den 23. Aug 2019

6.- 8. september 2019 inviterer Markane IL i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins til miljøsamling på Ullsheim for unge langrennsløparar.

Samlinga er for jenter og gutar født mellom 2004 – 2008.

Sjur Ole Svarstad, tidlegare assistenttrenar for det norske damelandslaget i langrenn og no trenar på landslinja skiskyting i Stryn, stiller som vanleg som hovudtrenar på samlinga.

I tillegg stiller også Markane IL og skikrinsen med trenarar.

Foto frå Miljøsamling 2018: Margunn Hjelmeset

Påmelding innan 1.september på Questback

Heile innbydinga finn du her:

innbyding til miljøsamling 6.-8.september 2019.pdf



Levert av IdrettenOnline