Markanebadinga.


Eigenandelen for sesongen 2024 Born kr.450,- Vaksne kr. 650,- Familie kr. 1150,-

                                                                                             

Dei som deltek på badinga, må vere medlemer i Markane IL.

Kvar måndag fram til påske!

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Måndag mellom kl.1730 -1830 er fast tidspunkt for Markanebadinga.

Badingsesongen byrjar i september og varer til påske.

Idrettslaget stiller med eigne vakter for å halde kostnaden nede.

Ein må ta badevaktkurs kvart år for å kunne være vakt.

Det er kommunen som arrangerer badevaktkursa, og Røde Kors som held dei.

Kursa blir avvikla om hausten og vert annonsert i Fjordingen og på heimesida til badehallen.

 

Det er mange som kjem kvar måndag kl.1730 og kosar seg i bassenget.

Vi synes dette er eit svært godt tilbod til lagets medlemar!