God deltaking på Postvegløpet 2025!
Postet av Markane IL den 5. Jun 2025
I alt 108 deltakarar der 46 deltok i konkurransen og 62 i trimklassen stilte til start i årets Postvegløp. Dette er om lag same deltakartal som dei seinaste åra. Raskast i årets løp var Øystein Støfring (nr 30) frå Jølster IL i herreklassen og Brita Svarstad Heggdal frå Markane IL i dameklassen. Foto: Fjordingen
Postvegløpet har vore eit av dei største løpa av sin type på Vestlandet dei seinare åra og også i år var det mange deltakarar som stilte opp. I alt 62 løparar i alle aldrar gjorde stor innsats under si deltaking i trimklassen. I konkurranseklassane frå 13 år og oppover vart det totalsiger til Øystein Støfring frå Jølster IL med tida 22 min 38 sekund. På andreplass totalt kom Ingebrigt Nes Hjelle frå Eid medan Herman Konstali-Lødemel frå Stryn IL følgde på tredjeplass. Løyperekorden i Postvegløpet har Øystein Ulekleiv på tida 21 min 47 frå 2024.
Raskast blant damene var Brita Svarstad Heggdal i K13-15 frå Markane IL som vann på sterke 30 min 6 sekund. På andreplass totalt følgde Tuva Østby frå Olden IL medan Margret Hjelmeset Fragått frå Sigdal SK tok tredjeplassen.
Fullstendig resultatliste finn du her:
Resultatliste frå Postvegløpet 04.06.2025
Heider til Ane og Simon Hjelmeset Kirkeeide!
Postet av Markane IL den 26. Mai 2025
I samband med at det var skikrinsting på Skei vart Ane Hjelmeset Kirkeeide (foto) tildelt Magnorpokalen og Simon Hjelmeset Kirkeeide vart tildelt Bragdpokalen for innsatsen i skiløypene i 2024 og 2025-sesongane.
Magnorpokalen vert tildelt unge talent mellom 12 og 16 år. For Ane sin del var spesielt 9.plassen i 5 km klassisk og 14.plassen i 3km fri teknikk i Ungdommens Holmenkollrenn 2024 trekt fram.
Simon Hjelmeset Kirkeeide vart tildelt Bragdpokalen. Denne fekk han på bakgrunn av den flotte 8.plassen på 10 km fri teknikk i NM senior 2025.
Blant dei andre prisvinnarane vart også Torje Seljeset som representerer Hornindal IL i kombinert. Han vart heidra for gull i NM sr 2025 og sølv i jr.VM 2024.
Foto: Ane Hjelmeset Kirkeeide mottek Magnorpokalen frå Tor Arne Hov i Sogn og Fjordane skikrins.
Vi gratulerer!
Postvegløpet 2025!
Postet av Markane IL den 21. Mai 2025
Onsdag 4.juni 2025 er det klart for årets versjon av Postvegløpet. Vi håpar at også i år mange vil ta turen for å delta både i trimklassen og i konkurranseklassen.
Start/mål ved Skogstjerna, (10 km vest for Stryn ved rv.15).
Konkurranseklasse start kl.1900
Trim/mosjonsklasse start frå kl. 1800
Konkurranseklasser:
G/J 13-15, 16-18 (kr 50,-)
M/K 19-34, 35-49, 50-59, 60-69, 70- (kr 100,-)
Lisens kjem i tillegg.
Trimklasse:
Kr. 50. Familie kr 150
Løpet er 6 km langt og går litt på grus og resten i terreng/på sti.
Løpet har hatt svært god deltaking tidlegare. Vi håpar sjølvsagt på ny deltakarrekord.
I tillegg til vanleg premiering vert det også uttrekkspremiar i både trim- og konkurranseklassa.
Alle velkomne!
2.plass i Holmenkollstafetten!
Postet av Markane IL den 21. Mai 2025
Skiskyttarjentene frå Markane IL stilte saman med nokre skiskyttarvenninner frå nabolaga opp i Holmenkollstaftten og sprang inn til ein imponerande 2.plass i U23! Vi gratulerer!
1.og 4. plass til laga frå Markane i Oldestafetten
Postet av Markane IL den 5. Mai 2025
Markane IL stilte med to lag i Oldestafetten. Damelaget gjekk heilt til topps medan det vart fjerdeplass til gutelaget.
På vinnarlaget i dameklassa sprang Katrine Svarstad Heggdal, Hedda Garlid Hilde, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Margret Hjelmeset Fragått.
På gutelaget stilte Brage Fure Lilleheim, Noah Seljeset Svarstad, Espen Myklebust Hesjedal, Andris Flore og Boye Flore. Denne klassa vart vunnen av laget frå Sandane.
Vi gratulerer med innsatsen!