Oppdatert innbyding til Norgescup 21.-23.januar

Lagt ut av Markane IL den 29. Des 2021

Det er lagt ut oppsatert innbyding til Norgescupen i skiskyting på Ullsheim.

Du finn den under innbyding i menyen og på lenka her:

Innbyding til Norgescup Ullsheim 21.-23.januar 2022 oppdatert 29.12.2021




Utøvarinformasjon til Norgescup 21.-23.januar

Lagt ut av Markane IL den 26. Des 2021


Det er no lagt ut meir informasjon til deltakarane på Norgescup i skiskyting i Markane 21.-23.januar. Dersom du går inn på lenka til Norgescup 2022 i menyen, ligg der no ei side med utøvarinformasjon nedst i menyen. 

Det er også lagt ut kontaktinformasjon under Organisasjon og her ligg løypekart og profilar til løypene på 1,5km , 2km og 2,5 km.




Innbyding til Ullsrennet 2.januar 2022

Lagt ut av Markane IL den 25. Des 2021

Markane IL innbyr til Ullsrennet i fri teknikk søndag 2.januar.

Her er innbydinga:

Innbyding til Ullsrennet friteknikk 02.01.2022




NC for ungdom 17-19 år på Ullsheim 21.-23. januar

Lagt ut av Markane IL den 16. Des 2021

Då har NSSF bestemt at vi får arrangerer NC for 17-19 år den opprinneleg oppsette helga, resten av arrangementet vert  flytta til ny arrangør. Dette med bakgrunn i avgrensningar i talet på deltakarar med meir på grunn av Korona. Då gler vi oss til at alle dei flinke elevane på Landslina ved Stryn VGS får gå NC på heimebane.




Sakliste til årsmøtet i Markane IL 1.12.2021 kl.1900

Lagt ut av Markane IL den 24. Nov 2021



Her er saklista til årsmøtet i Markane IL onsdag 1.12.2021 kl.1900

I samband med årsmøtet vert det også nynemjing av nye heidersmedlemer.

Sakliste til årsmøte i Markane IL onsdag 1.12.2021

Del I Årsmelding frå styret 2021

Del II Årsmelding frå gruppene 2021

Del III Rekneskap 2021 og budsjett 2022




Innbyding til Norgescup skiskyting 21.-23.januar 2022

Lagt ut av Markane IL den 17. Nov 2021


Vi ønskjer alle velkomne til Ullsheim helga 21.-23.januar. 

Innbyding til Lerøy cup finn du på lenka:

Innbyding til Lerøy cup 21.-23.januar 2022




Handledag på Sport 1 Ytreeide

Lagt ut av Markane IL den 10. Nov 2021

Det vert vinter-kickoff med medlemstilbod på Sport 1 Ytreeide torsdag 11.november kl.10-21.


Her er link til tilboda: https://kundeavis.sport1.no/lokale-annonser/ytre-eide-vinterkickoff-nov21/

Som alltid har vi spesialtilbod denne dagen

og konkurransar!

 

I år kan alle som stikk innom torsdagen

vere med på ein konkurranse om å vinne

eit par ski til verdi 7500 kr!!!


kundeavis.sport1.no
 


 





 




Innkalling til årsmøte i Markane IL onsdag 1.desember kl.1900

Lagt ut av Markane IL den 2. Nov 2021

Det vert årsmøte i Markane IL onsdag 1. desember kl.19.00 på Ullsheim.

Innkomande saker må meldast til styret seinaste onsdag 17.november enten skriftleg til styret eller på epost til antoniakaretekongsvik@gmail.com

Saklista vert lagt ut på heimesida ei veke før møtet.

I samband med årsmøtet vert det også feiring av nye heidersmedlemer i laget.

Velkomne!




Basar og premiefest i Skogstjerna

Lagt ut av Markane IL den 19. Okt 2021

Det vert basar og premiefest i Skogstjerna søndag 24.oktober frå kl.1500.

Det skal delast ut premiar innan ski, orientering, skiskyting og trim.  Vi oppmodar alle om å kome og hente premiane sine.

Det vert tradisjonell basar med flotte premiar både på bok og på årar. 

Det vert mogleg også å kunne betale ved bruk av VIPPS.

Gratis mat og kaffi.


Vel møtt!




Enivest sponsor 100Mbit fibernett på Ullsheim

Lagt ut av Markane IL den 6. Sep 2021


Enivest sponsar Markane IL med 100 Mbit fiberlinje på Ullsheim! Her er filmsnuttar som viser monteringa av sponsorskilta.











Nær o-løp på Tverrfjellet

Lagt ut av Markane IL den 5. Sep 2021

Torsdag 9. september blir det nær o-løp på Tverrfjellet. Start på Tonningsetra frå kl. 18. Bomveg. Løyper: A-lang, A-kort og N/C-løype. Løypene blir lagt i flott fjellterreng!

Vi rettar oss etter gjeldande smittevernreglar. Alle deltakarar må vere friske og halde avstand til andre. Det blir tilgjengeleg antibac ved start/mål. Pris: 20 kr for barn og 40 kr for vaksne. Vipps til 641339. Vel møtt til o-løp




Lagmeisterskap i orientering/nær-o-løp 8

Lagt ut av Markane IL den 24. Aug 2021


Torsdag 26.august vert det nær-o-løp ved Sølvbergsstøylen. Løpet er lagsmeisterskap for Markane IL. Start frå kl.1800.  Her er det løyper for alle!

Køyr opp på Sølvbergsida rett etter Coopen/Fjelli. NB! Bomveg

Her er det flott arena og flott terreng.

Løyper: A-lang, A-kort, C og N,

Vel møtt!




Nær o-løp på Sætren

Lagt ut av Markane IL den 12. Aug 2021

Torsdag 19. august blir det nær o-løp på Sætren. Det blir mogeleg å starte frå kl. 17. Start blir på Gardstøylane, ovanfor beitet på Sætren. Det blir fire løyper: A-løype, ca. 5 km, A -løype, 3 km, C-løype, 2 km og N-løype. Mest sannsynleg også rakettløype og/eller småtroll. 

Vi rettar oss etter gjeldande smittevernreglar. Alle deltakarar må vere friske og halde avstand til andre. Det blir tilgjengeleg antibac ved start/mål. Pris: 20 kr for barn og 40 kr for vaksne. Vipps til 641339. Vel møtt til o-løp!

Neste nær o-løp arrangerer Veten, 26. august. Det blir også lagsmeisterskap.






AVLYST!! Postvegløpet 18.august 2021

Lagt ut av Markane IL den 27. Jul 2021

På grunn av oppblomstringa av koronasmitte i nærområdet siste tida ser vi oss dessverre nødt til å avlyse Postvegløpet 2021. Vi satsar på å vere sterkt tilbake neste år!




Resultatliste for nær-o-løp nr 6 i Hatledal

Lagt ut av Markane IL den 28. Jun 2021


Torsdag 24.juni blei årets sjette nær-o-løp arrangert med utgangspunkt frå Hatledal.

Resultatlista finn du her:

Resultatliste nær-o-løp nr 6 i Hatledal Dato 24-06-2021




Nær o-løp i Markane

Lagt ut av Markane IL den 22. Jun 2021

Torsdag 24. juni kl. 18 blir det nær o-løp i Markane. Start blir ved Maursettjønna, på flata mellom Hatledal og Maurset. Det blir fire løyper: N, C, A-kort og A-lang. Løpet tel som nær o-løp nr. 6 for Markane IL og Veten IL. Vi rettar oss etter gjeldande smittevernreglar. Alle deltakarar må vere friske og halde avstand til andre. Det blir tilfgjengeleg antibac ved start/mål. Pris: 20 kr for barn og 40 kr for vaksne. Vipps til 641339. Vel møtt til o-løp!




Resultatliste for nær-o-løp nr 4 på Ullsheim 3.juni

Lagt ut av Markane IL den 17. Jun 2021

Torsdag 3.juni var det klart for sesongen sitt fjerde o-løp. Løpet vart arrangert ved Ullsheim.

Her er resultatlista frå løpet:

Resultatliste for nær-o-løp nr 4 på Ullsheim Dato 03.06.2021




Nybyrjarkurs og første nær o-løp torsdag 29. april

Lagt ut av Markane IL den 24. Apr 2021

O-sesongen er i gong att, og vi startar med nybyrjarkurs og første nær o-løp same dag.

På torsdag 29. april kl. 17.30 blir det nybyrjarkurs på Storstova på Stryn VGS. Kurset er tenkt slik at det blir opplæring for vaksne inne, medan det blir teori og opplegg for barn ute.

Nybyrjarkurset er på grunnleggande nivå. Opplæring av kartteikn og forståing av kartet. Teori og opplegg for barna varer frå kl. 17.30 -18.30. Deretter teste ut ei o-løype frå ca. kl. 18.45 - 19.30. 

På grunn av gjeldande koronareglar blir det berre plass til 10 stk. inne. Det er difor plass til inntil 10 vaksne og 20 barn på kurset. Ver difor tidleg ute med å melde på dersom de ønskjer å få med dykk dette kurset.

Påmelding kan sendast på e-post til:

annemariesvarstad3@gmail.com

Torsdag er det også tid for første nær o-løp. Nær o-løpet blir frå kl. 18 med start ved stallen på Stryn stadion. Løypa blir lagt i Kamben og i sentrum. Det blir N-løype, C-løype og A-løype.

Vi rettar oss etter gjeldande smittevernreglar. Alle deltakarar må vere friske, halde avstand til andre og det blir tilgjengeleg antibac ved start/mål.

Vel møtt til o-løp!

Denne innbydinga kan du også laste ned her:

Innbyding til nybyrjarkurs og nær-o-løp




Terminliste i orientering for sesongen 2021

Lagt ut av Markane IL den 24. Apr 2021

Orienteringssesongen er straks i gang.

Her finn du terminlista for årets sesong:

Terminliste orientering 2021





SSF-cup på Ullsheim 24.januar

Lagt ut av Markane IL den 17. Jan 2021

Markane IL tek over SSF Cup søndag 24. januar med krinsrenn i friteknikk på Ullsheim.

SSF Cup 24. januar skulle opphaveleg avviklast i samband med Kleivanerennet, men ut i frå ei heilheitsvurdering har Fjellhug/Vereide IL bestemt å utsette Kleivanerennet inntil vidare. Markane IL har tatt på seg å arrangere SSF Cup 24. januar.

Arrangementet inngår i SSF Cup for rekrutt (11-16 år) og vert avvikla i friteknikk.

INNBYDING TIL SSF CUP FRI TEKNIKK 24.01.2021

MERK! Føresette og støtteapparat må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett. Dette grunna avgrensing på maksimalt 200 personar til stades på arrangementet. Meld på i klasse «Føresette og støtteapparat».

Lenke til påmelding.

PÅMELDING PÅ MIN IDRETT (Påmelding innan torsdag 21.01 kl.2359

Smittevern:

  • Har du symptom på luftvegsinfeksjon og covid-19 skal du ikkje møte opp på arrangementet.
  • Ein oppmodar om at alle praktiserar god handhygiene.
  • Alle skal halde avstand – hugs regelen om 1 meter avstand.
  • Det er ikkje høve til å opphalde seg inne i klubbhuset/kafeen eller arenabygget.
  • Alle (funksjonærar, deltakarar og føresette) må registrere seg ved ankomst Ullsheim (i samband med parkering).