Miljøsamling 26.-27.9.2026
Postet av Markane IL den 14. sep 2026

Markane IL i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins, inviterer nok ein gong utøvarar i alderen 8-15 år (f. 2018 og eldre) til miljøsamling på Ullsheim. Allsidige aktivitetar og mykje moro. Bli med du også. Foto frå samlinga i 2024
Tidspunkt: Laurdag 26. september ca. kl. 09:00 - søndag 27. september ca. kl. 14:00
For kven: Utøvarar i alderen 8-15 år
Påmelding: via iSonen https://isonen.no/event/cmt1mq7eb06bvbg01rekyz6td/miljosamling-ullsheim-2026/
Frist for påmelding: Måndag 21. september kl. 23:59
Meir informasjon om samlinga kjem når det nærmar seg. Med atterhald om endringar.
Pris: 400 kr pr deltakar + serviceavgift iSonen (totalt 420)
Prøving av nye Markane IL sportskle fredag 21.8 og 22.8!
Postet av Markane IL den 21. aug 2026
Markane IL har i samarbeid med Ytreeide sport 1 fåt til ein ny kolleksjon med Markane IL sportskle. Her er det skidress, overtrekkskle (tynne og litt tjukkare), hue, panneband, vest, shorts, t-skjorte og meir.
‼️MERK: Bestillingsfrist 1. september
Derfor setter vi opp test av dette to dagar denne veka slik at ein kan få testa kleda, kjent på kvalitet og prøvd nokre storleikar
▪️Fredag 21. august 16:00-19:00
▪️Laurdag 22. august 10:00-12:00
📍Stad: Stryn vidaregåande skule!
I samanheng med dette, kan det kanskje være nokon som sit på "gamle" klede som dei kan selje vidare. Kjent fenomen at ungane veks ut av kleda før dei er utslitne. Dette kan vere ein arena for å bytte & selge brukt MIL kle, samt eventuelt ski og skisko. Kjekt om andre i klubben får nytte av kle og utstyr som har lang levetid igjen :D
Markering av Maren Hjelmeset Kirkeeide sine prestasjonar på Ullsheim 11.juli kl 1500
Postet av Markane IL den 6. jul 2026

Markane IL innbyr alle til markering av Maren Hjelmeset Kirkeeide sine flotte skiskyttarprestasjonar laurdag 11.juli lkl.1500.
Maren har etablert seg heilt i verdseliten i skiskyting og toppa fjorårssesongen med tre OL-medaljar! Markane IL ønskjer å markere prestasjonane ho har levert med ein eigen festdag på Ullsheim
Program:
-Helsingar frå innbodne gjester
-Laserskyting og andre aktivitetar for små og store
-Enkel servering med kaker og kaffi
Velkomne til ein kjekk ettermiddag på Ullsheim!
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
Postet av Markane IL den 10. jun 2026

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø har fått tildelt Norges Skiskyttarforbund sitt heidersteikn.
Norges Skiskyttarforbund hadde forbundsting på Gardermoen sist helga. I tillegg til Tarjei og Johannes vart det også tildelt heidersteikn til Morten Aa Djupvik, Per Arne Botnan og Siv Bråten Lunde. Foto: NSSF
I uttala frå NSSF heiter det: «NSSF Hederstegn kan tildeles skiskyttere/ledere som har oppnådd fremragende resultater i nasjonale og internasjonale konkurranser, eller har fremhevet seg i arbeidet for NSSF på en spesiell måte. Hederstegnet er forbundets høyeste utmerkelse for idrettslig og administrativ innsats. Hederstegnet gis som jakkemerke i gull»,
Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø la opp etter 2024/2025-sesongen.
Johannes er ein av dei mestvinnande utøvarane i skiskyttarsporten, med 40 VM-medaljar (22 gull, 13 sølv, 5 bronse) og 8 OL-medaljar (5 gull, 2 sølv, 1 bronse). Han vann verdscupen samanlagt fem gonger.
Tarjei sikra seg 27 VM-medaljar (12 gull, 7 sølv, 8 bronse) og 7 OL-medaljar (3 gull, 2 sølv, 2 bronse) før han sette karrierepunktum. Han vann verdscupen samanlagt ein gong (2010/2011).
Vi gratulerer!
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
Postet av Markane IL den 3. jun 2026
Her er resultatlista frå Postvegløpet 2026: