SSF-cup på Ullsheim 24.januar
Postet av Markane IL den 17. Jan 2021
Markane IL tek over SSF Cup søndag 24. januar med krinsrenn i friteknikk på Ullsheim.
SSF Cup 24. januar skulle opphaveleg avviklast i samband med Kleivanerennet, men ut i frå ei heilheitsvurdering har Fjellhug/Vereide IL bestemt å utsette Kleivanerennet inntil vidare. Markane IL har tatt på seg å arrangere SSF Cup 24. januar.
Arrangementet inngår i SSF Cup for rekrutt (11-16 år) og vert avvikla i friteknikk.
INNBYDING TIL SSF CUP FRI TEKNIKK 24.01.2021
MERK! Føresette og støtteapparat må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett. Dette grunna avgrensing på maksimalt 200 personar til stades på arrangementet. Meld på i klasse «Føresette og støtteapparat».
Lenke til påmelding.
PÅMELDING PÅ MIN IDRETT (Påmelding innan torsdag 21.01 kl.2359
Smittevern:
- Har du symptom på luftvegsinfeksjon og covid-19 skal du ikkje møte opp på arrangementet.
- Ein oppmodar om at alle praktiserar god handhygiene.
- Alle skal halde avstand – hugs regelen om 1 meter avstand.
- Det er ikkje høve til å opphalde seg inne i klubbhuset/kafeen eller arenabygget.
- Alle (funksjonærar, deltakarar og føresette) må registrere seg ved ankomst Ullsheim (i samband med parkering).
0 Kommentar
Innkalling til årsmøte tysdag 8.desember 2020
Postet av Markane IL den 8. Nov 2020
Det vert årsmøte i Markane IL tysdag 8. desember 2020 kl.19.00 på Ullsheim.
Møtet vert gjennomført i trå med dei restriksjonar som vert gjeldane på møtetidspunktet
Sakliste for årsmøte 08.12.2020
Del 1: Årsmelding for styret 2020 med anleggsplan
Del 2: Årsmelding for gruppene 2020
Del 3: Rekneskap 2020 og budsjett 2021
Velkomne!
0 Kommentar
Innkalling til omframt årsmøte måndag 28.9.2020 kl.1930
Postet av Markane IL den 14. Sep 2020
Styret innkallar til omframt årsmøte i Markane IL måndag 28.september 2020 kl.1930.
Sak 1. "Spelemiddelsøknad til opprusting av løyper på Ullsheim"
Rehabilitering av skiløyper Ullsheim – nord nord-vest. Sjå vedlegg
Sak 2: Fullmakt til å ta opp byggelån.
Dersom rehabiliteringsplanane vert vedteke gjennomført, ber styret i Markane IL om fullmakt til å ta opp byggelån.
Saksvedlegg til omframt årsmøte 28.9.2020.pdf
Etter at årsmøtet er heva vil det bli orientert om:.
Innspel til kommunedelsplanen – handlingsplan ordinære anlegg.
Alle velkomne!
0 Kommentar
Resultatliste frå sesongens siste nær-o-løp
Postet av Markane IL den 14. Sep 2020
Sesongens siste nær-o-løp vart arrangert frå Sølvbergstøylen torsdag 10.september. Løpet var også lagsmeisterskap for Markane. I alt 28 deltakarar stilte opp.
Resultat frå nær-o-løp nr 8 frå Sølvbergsstøylen/LM Markane Dato 10.09.2020
0 Kommentar
Resultatliste for nær-o-løp nr 6 frå Ulvedalsdemmen
Postet av Markane IL den 14. Sep 2020
Her er resultatlista frå sesongens 6. nær-o-løp som vart arrangert av IL Veten med start frå Ulvedalsdemmene.
Resultatliste nær-o-løp nr 6 frå Ulvedalsdemmene Dato 27.08.2020
0 Kommentar