I Markane Idrettslag vert ordninga handtert på følgjande måte: Alle som skal utføra oppgåver for idrettslaget som inneber et tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming skal skaffa politiattest. Dette skal gjerast i samråd med: styrenemnt ansvarleg for ordninga i idrettslaget eller hans/hennar varaperson. Begge representantar har teieplikt overfor uvedkommande i høve til dei opplysingar dei får kjennskap til.
Politiattesten inneheld berre opplysningar om personen for tida er sikta/tiltalt eller tidlegare idømt førelegg/dømt for brot på reglar i straffelova om seksualbrotsverk overfor barn. Idrettslaget har ikkje høve til å be personen om å innhenta politiattest for andre straffbare tilhøve. Innhenting av politiattest er gratis.
Innhenting på ein-to-tre: 1: Søknaden om politiattest skal fyllast ut av idrettslaget og den søknaden gjeld for. Søknaden skal underteiknast av begge. Ansvarleg for ordninga i idrettslaget sender søknaden til politiet. 2: Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Den vert ikkje sendt til idrettslaget. 3: Den søknaden gjeld for, skal visa sin politiattest til styreoppnevnt ansvarlig for ordninga i idrettslaget.
Markane Idrettslag skal ikkje lagra attesten, men berre få han framvist til gjennomsyn. Personar som ikkje har vist politiattest utan merknad, kan ikkje setjast til oppgåver som medfører eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.
Kontaktpersonar for politiattestordninga i Markane IL 2024:
Ansvarleg: Margrethe Garlid Vara: Monica Halsteinslid
Beste helsing Styret i Markane Idrettslag Du kan lesa meir om ordninga og korleis den vert handtert på http://www.idrett.no/politiattest
|