Liatoppen 5.4.2014:

Postet av Markane IL - Skiskyting den 5. Apr 2014

2. plass til Oskar Guddal Breivik på normalen i G12

Oskar Guddal Breivik, Sigurd Fotland Fænn, Magnus Midthjell Gjørven og Magnus Seljeset. Foto: Markane IL

Oskar Guddal Breivik kom på andreplass på normaldistansen i klasse G12. Sigurd Fotland Fænn vart nummer åtte i same klasse. Magnus Midthjell Gjørven og Magnus Seljeset gjekk sprint i klasse G13 og kom på 75. og 33. plass. Foto: Markane IL

Oskar Guddal Breivik sikra seg pallplass også i dag då han vart nummer to på normaldistansen i klasse G12. Med feilfri skyting var han berre 10 sek bak vinnaren Arnt Johan Tungen frå Orkdal. Vinnaren hadde to bom, men gjekk raskt i sport. Tredjeplassen gjekk til Mathias Sørnes frå Lier IL, 17 sek bak vinnaren. Sigurd Fotland Fænn kom på åttandeplass, 28 sek etter vinnaren med ein bom.

I G11 kom John Erlend Bø på ein fin 25. plass med totalt to bom. Han var 1 min 50 sek etter klassevinnaren Erik Sporaland frå FiggjoIL. Anders Svarstad Hole kom på 78. plass i same klasse.

 I klasse J11 kom Maren Hjelmeset Kirkeeide på ein 15. plass etter flott skyting og to fulle hus. I same klasse vart Emilie Flo Stavik nr 37. Klassevinnar vart Herborg Idland frå Figgjo IL.

For klassane frå 13 år og oppover var det sprint på programmet.

I klasse G14 kom Simon Hjelmeset Kirkeeide på ein 62. plass med totalt fem bom. Dette var ei av dei største klassane med heile 116 deltakarar til start. Klassevinnar vart Ørjan Moseng frå Røros IL.  Magnus Midthjell Gjørven vart nummer 75 i klasse G13 etter å ha skote på seg seks strafferundar. Eirik Idland frå Figgjo vann klassa.

I klasse J13 kom Liv Rigmor Netland på 71. plass. Totalt var det sju rundar på dagens sprint. Klassevinnar vart Maren Bakken frå Os IL med ein runde.

Aksel Mathias Meland hamna like utanfor pallen i klasse G15. Han vart nummer fire etter å ha fått ein strafferunde på kvar skyting. Han var 41 sek etter vinnaren og berre 2 sek bak ein pallplass. Kristoffer Sørnes frå Lier vann klassa 7 sek føre Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL. Torjus Idland frå Figgjo tok bronsen 39 sek bak vinnaren.

Anne Marie Roset kom på 40.plass i J14 med totalt sju strafferunder. Klassevinnar vart Åsne Skrede frå Geilo IL.

I klasse G16 kom Håkon Midthjell Gjørven på 34. plass med to strafferundar, 1 min 51 sek etter vinnaren Magnus Bøe frå Try IL. Grim Nygård vart nummer 55. Han var 2 min 17 sek etter vinnaren, også han fekk to strafferundar. Odd Sindre Tonning kom på 59. plass med totalt sju strafferundar.

I nybyrjarklassa for gutar 11 år og eldre vart Håvard Tonning nr 21 og Samuel Plasencia-Norlie nr 32. Begge med feilfri skyting. I nybyrjarklassa for jenter 10 år og yngre var Markane representert med Selma Guddal Breivik, Iselin Bø, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Mari Sofi Meland og Tania Plasencia-Norlie.

Det var også andre klubbar frå Nordfjord som gjorde det godt på Liatoppen i dag. Aller best gjekk det for Sigrid Flo Bødal som gjekk heilt til topps i klasse J15.

I morgon er det klart for fellesstart på Liatoppen.

Resultatliste for Bendit Skiskytterfestival normal/sprint Alle klasser 05.04.2014

Nybyrjarar i skiskyting. Foto: Torstein Breivik

Nybyrjargjengen i skiskyting. Framme frå venstre: Torje Seljeset, Håvard Tonning og Samuel Plasencia-Norlie. Bak frå venstre: Mari Sofi Meland, Selma Guddal Breivik, Tania Plasencia-Norlie, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Iselin Bø. Foto:Torstein Breivik


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Siste fra Markane IL - Skiskyting

Levert av IdrettenOnline