Liatoppen 4.4.2014:

Postet av Markane IL - Skiskyting den 4. Apr 2014

2. plass til Markane I i stafetten for klasse G11-12!

John Erlend Bø, Sigurd Fotland Fænn og Oskar Guddal Breivik. Foto: TSN

John Erlend Bø, Sigurd Fotland Fænn og Oskar Guddal Breivik gjekk inn til andreplass i stafetten klasse G11-12. Foto: TSN

 Bendit Liatoppen Skiskytterfestival er i gang med Larsen stafett. Mange lag frå Markane var på start og eit av laga kom på ein flott pallplass. Sigurd Fotland Fænn, John Erlend Bø og Oskar Guddal Breivik sikra seg andreplass i stafetten for G11-12. Laget var med blant dei seks fremste gjennom heile stafetten. I mål skilde det berre 21 sek fram til vinnarlaget frå Svene IL. Tredjeplassen gjekk til Orkdal IL som var 38 sek etter Svene IL i mål.

Markane IL hadde også eit lag i klassa Mix 11-12 år. Her gjekk Emilie Flo Stavik, Håvard Tonning og Maren Hjelmeset Kirkeeide. Dei gjekk i mål til ein 20. plass. Vinnar av klassa vart Bø SSL/ IL Dyre Vaa lag 2.

Tidlegare idag var laga frå 13-16 år i sving, og i klassa gutar 13-16 år. Markane IL hadde to lag på start. På Markane I gjekk Håkon Midthjell Gjørven, Simon Hjelmeset Kirkeeide og Aksel Mathias Meland medan Markane II bestod av Grim Nygård, Magnus Midthjell Gjørven og Odd Sindre Tonning. Begge laga gjorde ein fin innsats. Markane I kom på åttandeplass og Markane II på 34. plass. I alt 67 lag var på start! Vinnar av klassa vart Lier IL. Vingrom IL kom på andreplass og Figgjo IL på tredjeplass.

I klassa mix 13-16 år gjekk Magnus Arntsen på lag med to løparar frå Ivrig IL, Arne Hangerhagen og Markus Maurtvedt Unnerberg. Sidan der var løparar frå fleire lag, gjekk laget utanom ordinær konkurranse. Laget kom i mål til ei fin tid som ville ha helde til ein 11 i klassa.

Resultatliste Larsen-stafett Bendit Liatoppen Skiskytterfestival. Alle klasser. Dato 4.4.2014 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Siste fra Markane IL - Skiskyting

Levert av IdrettenOnline