11.plass til Emilie Flo Stavik på NM sprinten!

Postet av Barnemedlemer den 5. Apr 2024

Emilie Flo Stavik leverte flott innsats under NM skiskyting på Geilo i  sitt "sesong-comeback" då ho vart nummer 11 i sprint senior for kvinner. Ho skaut feilfritt og var berre 1 minutt 28 sekund etter NM-vinnar Juni Arnekleiv frå Dombås. Utruleg bra etter ein sesong der ho ikkje har fått gått konkurransar sidan før jul!

Maren Hjelmeset Kirkeeide hadde ikkje heilt dagen og fekk tre strafferundar. Dermed vart det ein 24.plass.

Av andre lokale utøvarar vart Ann Kristin Aaland nummer 20 og Gunn Kristi Tvinnereim nr 34.

Også ein stor gjeng av dei unge løparane frå vidaregåande fekk prøve seg i konkurranse mot seniorane. Desse gjekk inn til følgjande plasseringar: Elida Fuglem, Valldal IL/Stryn vgs nummer 89, Mari Sofi Meland, Markane IL/Stryn vgs  nummer 110, Katrine Svarstad Heggdal, Markane IL/Stryn vgs nr.119, Oddrun Hjelmeset, Markane IL/Stryn vgs nr.120, Elina Østerbø, Markane/Stryn vgs  nr.128, Sara-Sofie Africa Hegg, Vik IL/Stryn vgs nr. 147 og Frøya Haughovd, Stårheim/Stryn vgs  nr.148.

Foto: Roy Aron Myklebust/Fjordingen



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.