Informasjon om inn- og utmelding, medlemskontingent m.m.

Markane Idrettslag er eit svært aktivt lag. Noko av aktiviteten vår finn du ved å lese på heimesida. Laget har for tida grupper i ski, skiskyting, trim, orientering, friidrett og i tillegg kjem Markane og Stryn Barneidrettsskule.

Innmelding/utmelding/endring av medlemskap.

Dersom du ønkjer å bli med i laget, send ein epost til Antonia Karete Kongsvik antoniakaretekongsvik@gmail.com 

For å få registrert deg/dykk treng vi namn, adresse, fødselsdato og år. I tillegg vil vi gjerne registrere alle våre medlemmer med epostadresser og mobilnummer for å enklare kunne sende ut informasjon. Yngre born vert registrerte med epost/telefonnummer til ein av foreldra.

Dersom nokon skulle ønskje å melde seg ut, så send oss ein epost til antoniakaretekongsvik@gmail.com  , så vert de fjerna frå medlemslista. Hugs også å melde frå til oss ved eventuelle endringar i medlemskapet til dømes nye familiemedlemmar! Born går automatisk over til enkeltmedlemskap(vaksen) det året dei fyller 18.

Alle motteke digital faktura via KlubbenOnline-systemet derde kan velje mellom å betale med bankgiro eller VIPPS. Det blir generert eit digital medlemskort som de finn på MinIdrett. Dersom nokon byter epostadresse eller telefonnummer, kan de enten oppdatere dette sjølv på MinIdrett eller sende melding til antoniakaretekongsvik@gmail.com så blir ny info lagt inn.

Medlemskontingent for 2024 (sist oppdatert 05.01.2024)

Born (født 2006 eller seinare): 300 kr

Enkeltmedlem (vaksen): 500 kr

Familiemedlemskap: 1000 kr

Fri bruk av rulleskibana er inkludert i medlemskontingenten.

Medlemskap for vaksen eller familiemedlemskap gjev rett til gratis parkering på Ullsheim.

Markane IL sine medlemmer (vaksen/familie) er også medlemmar i Skiturlaget Ullsheim-Stryn.