Krav om politiattest i Markane IL.

Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok 10. mars 2008 at heile norsk idrett skal krevja politiattest mot seksuelle overgrep mot barn. Ordninga gjeld for alle som skal utføra oppgåver som i monaleg grad inneber eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Ordninga tredde i kraft 1. januar 2009.


I Markane Idrettslag vert ordninga handtert på følgjande måte:
Alle som skal utføra oppgåver for idrettslaget som inneber et tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming skal skaffa politiattest.
Dette skal gjerast i samråd med: styrenemnt ansvarleg for ordninga i idrettslaget eller hans/hennar varaperson.
Begge representantar har teieplikt overfor uvedkommande i høve til dei opplysingar dei får kjennskap til.

Politiattesten inneheld berre opplysningar om personen for tida er sikta/tiltalt eller tidlegare idømt førelegg/dømt for brot på reglar i straffelova om seksualbrotsverk overfor barn. Idrettslaget har ikkje høve til å be personen om å innhenta politiattest for andre straffbare tilhøve. Innhenting av politiattest er gratis.

Innhenting på ein-to-tre:
1:
Søknaden om politiattest skal fyllast ut av idrettslaget og den søknaden gjeld for. Søknaden skal underteiknast av begge. Ansvarleg for ordninga i idrettslaget sender søknaden til politiet.
2: Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Den vert ikkje sendt til idrettslaget.
3: Den søknaden gjeld for, skal visa sin politiattest til styreoppnevnt ansvarlig for ordninga i idrettslaget.

Markane Idrettslag skal ikkje lagra attesten, men berre få han framvist til gjennomsyn.
Personar som ikkje har vist politiattest utan merknad, kan ikkje setjast til oppgåver som medfører eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.

Kontaktpersonar for politiattestordninga i Markane IL 2015:

Ansvarleg: Kristin Hatledal Epost: k_hatledal@hotmail.com Tlf: 97024543

Vara: Rikard Kirkeeide Bøe Epost: rikard.boe@gmail.com Tlf: 45800450

Beste helsing
Styret i Markane Idrettslag

Du kan lesa meir om ordninga og korleis den vert handtert på http://www.idrett.no/politiattest


Powered by: Bloc