SÆTRE- OG FJELLTRIMMEN


I 2019 gjekk Sætretrimmen over til å bruke Georeg - eit system for registrering av fjelltrimpoeng

Slik går du fram ved første gangs bruk:

  • Registrer ein konto på georeg.no.
  • Last ned appen Georeg til smarttelefonen din og logg deg inn på din konto. 

Dette gjer du når besøker ein fjelltrimpost:

  • Opne appen når du er ved ein registrert fjelltrim-post (innan 30 meter frå posten).
  • Trykk ”registrer”.
  • Du får ei melding med kor høg poengsum du har oppnådd, samt dei 5 – 6 siste personane som har besøkt posten. 
  • Du kan logge deg inn på di personlege side på http://georeg.no/ for å etterregistrere turar og sjå oversikt over den totale poengsummen din. For etterregistrering vert det kravd eit «Pro abonnement» som kostar 120,- per år. 
  • På http://georeg.no/ finn du meir informasjon. 

Registrering av born på tur

Dersom du skal registrere borna dine på tur, må du opprette eigen profil for desse. Dette kan du gjere ved å lage ein profil på georeg.no med deira fødselsdato som brukarnamn (skriv inn deira fødselsdato der det står mobilnummer i registreringa av ny bruker), du må deretter logge inn på deira bruker på appen din når du er på tur. 


Talet på postar i Sætre- og fjelltrimmen vart også utvida. 

Det er no poeng på følgjande postar

Holesetra, Holevatnet, Grendasetra, Maursetsetra, Øyenibba, Øyesetra, Blånibba, Gulekoppen,

Gråberg, Faleidsstøylen, Storevassegga, Sindresetra, Florehytta og Jutdalsetra.

Sesongen går frå september til september. Vinnarane i kvar klasse får premie på premiefesten.

Klasseinndelinga er: J/G 0-6 år, J/G 7-12, J/G 13-17 og M/K senior.

Resultatlistene for tidlegare sesongar ligg i venstremenyen under trimgruppa -->resultatlister.

God tur!