Resultat frå sesongens første cuprenn 10.1.2017

Postet av Markane IL den 24. Jan 2017


I alt 96 løparar var i aksjon i løypene då sesongens første cuprenn gjekk av stabelen på Ullsheim. Rennet gjekk i fri teknikk.

Det var som vanleg best deltaking i dei yngste klassane. I klassa for jenter og gutar på 8 år eller yngre stilte 27 ivrige deltakarar opp medan 17 deltok i 9-10 årsklassa.

I klassa for jenter 11-12 år gjekk Oddrun Hjelmeset Kirkeeide inn til førsteplass foran Mari Sofi Meland. I guteklassa vann Torje Seljeset. I alt deltok det 14 løparar i 11-12 årsklassa.

I klasse jenter 13-14 vart det klassesiger til Maren Hjelmeset Kirkeeide medan Ingebrigt Nes Hjelle vann guteklassa. Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klassa for gutar 15-18 år. Magnus Seljeset og Oskar Guddal Breivik kom på andre- og tredjeplass. Jenter klasse 15-18 vart vunnen av Kristine Hjellbakk Hole. Her vart Oselie Henden og Ingrid Heggen nr 2 og 3. I menn senior gjekk Aksel Meland til topps med tida 10.56. Hakk i hel følgde Isak Hopland på 10.58 og Erlend Bakken på 10.59. Kvinneklassa vart vunnen av Ingrid Gausemel.

Her er heile resultatlista:

Resultatliste cuprenn nr 1 Dato: 10.01.2017





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline