NM-gull til Aksel Meland!

Postet av Markane IL den 28. Jan 2017

Aksel Meland sikra seg NM-gull på normaldistansen i M 18 med 19 treff! Foto: Nordfjord Team


Aksel Mathias Meland frå Markane IL/Nordfjord Team gjekk heilt til topps og sikra seg NM-gullet på dagens normalprogram i M18.

Han fekk ein bom på første skyting og leverte deretter tre perfekte seriar. Det heldt til siger. I mål var han 11,3 sek føre Jo Brøste Nøstegård frå Dombås IL som hadde to bom totalt. Tredjeplassen i klassa gjekk til Lars Hammernes Leopold frå Asker SK som med tre bom var 1 min 4 sek etter Aksel. Vegard Skrede frå Hardbagg IL sikra seg nok ei topplassering i NM med ein 10.plass.

Vi gratulerer!


Resultatliste NM normaldistanse skiskyting 28.1.2017




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline