4.plass til Sogn og Fjordane i NM-stafett jr.

Postet av Markane IL den 29. Jan 2017

Aksel Mathias Meland, Vegard Skrede, Simon Hjelmeset Kirkeeide og John-Olav Smørdal Botn tok fjerdeplass i stafett klasse M17/1/. Foto: Nordfjord Team


Det vart ikkje medalje til laga frå Sogn og Fjordane på NM-stafettane i Holmenkollen, men laget i klasse i M17/18 år kom svært nære og sikra seg ein god 4.plass. Dei var 3.11,8 min bak vinnar Buskerud lag 1. som hadde 2 strafferunder mot Sogn og Fjordane sine 6 runder. På laget gikk John-Olav Smørdal Botn, Simon Hjelmeset Kirkeide, Vegard Skrede og Aksel Matias Meland.

I kvinneklassa var det laget i 17/18 års klassa som fekk den beste plasseringa. Dei vart nr 13. Vinnarar vart Hordaland lag 1. Dei var 8.40,7 min. før laget til Sogn og Fjordane. Hordaland hadde berre to strafferunder mot Sogn og Fjordane sine sju. På laget til Sogn og Fjordane gjekk Sigrid Flo Bødal, Kari Alsaker og Inger Ringdal Sæter.

I klasse menn 17/21 år vart førstelaget til Sogn og Fjordane nr 22. Vinnar her vart Oslo og Akershus lag 3. Sogn og Fjordane var 11.33,7 minutt etter. På laget gjekk Isak Hopland ,Erlend Bakken, Grim Nygård og Odd Sindre Tonning. Dei klarte seg utan strafferundar.

Sogn og Fjordane lag 2 i M17/21 vart nr 25. Her gjekk Håkon Midthjell Gjørven, Andreas Halsteinslid, Lars Erik Telset og Georg Hallsteinslid. Dei hadde totalt ein strafferunde.

I klassa kvinner 17/21 vart Sogn og Fjordane nr 15. Her vann Hordaland lag 1. Dei hadde ingen strafferunder. Sogn og Fjordane var 13.14,2 minutt etter med sju strafferundar. På laget gjekk Ingrid Gausemel, Elise Skeide Bakke og Anne Marie Roset.

Komplett resultatliste:


Resultatliste NM skiskyting stafett jr 29.1.2017




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline