Emilie Flo Stavik til topps i både KM fri teknikk og klassisk

Postet av Markane IL den 30. Jan 2017

Emilie Flo Stavik og Maren Hjelmset Kirkeeide sikra dobbelsiger i J14 både i fri teknikk og klassisk. Foto: Markane IL

Emilie Flo Stavik gjekk til topps i KM i både fri teknikk og klassisk langrenn i Sogndal i helga. Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra dobbeltsiger til Markane begge dagar. I tillegg vart det også KM-sølv til Oskar Guddal Breivik i G15 på fri teknikk.

Magnus Midthjell Gjørven gjekk inn til åttandeplass i G16.

MArkane var også godt representert i dei yngre klassane. Inger Hjelmset gjekk til topps i J11 begge dagar. På den klassiske distansen fekk ho selskap på pallen av Katrine Svarstad Heggdal som sikra seg andreplass. Torje Seljeset gjekk også til topps i G12 på begge distansar.

I dei urangerte klassane vart Markane representert ved Kornelia Trøsken som stilte opp i J8.

Alle resultat frå KM-helga her:

Resultatliste KM fri teknikk 28.1.2017

Resultatliste KM klassisk 29.1.2017




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline