5.plass til Oskar Guddal Breivik på Bendit Kvalfoss-sprinten

Postet av Markane IL den 5. Feb 2017

Oskar Guddal Breivik gjekk inn til 5.plass i G15 under Bendit Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen i dag. Med totalt to bom var han 50 sek etter klassevinnar Jakob Høsøien frå Tynset IL som berre hadde ein bom. Andremann var Emil Hage Streitlien frå Folldal IL som skaut to fulle hus og var to sek bak vinnaren. Mattias Stakkeland frå Knaben IL vart nummer tre. Han var 25 sek etter vinnaren med ein bom.

I klasse J14 vart det ein fin 15.plass til Maren Hjelmeset Kirkeeide. Ho vart berre 1 min 44 sek etter vinnaren sjølv om ho fekk fire rundar på standplass. Klassevinnar vart Ida Molde Lappegard frå Ål IL med berre ein bom. I same klassa vart Emilie Flo Stavik nr 21 med totalt fem strafferundar. Hedda Garlid Hilde fekk også fem bom og kom på ein 35.plass.

I klasse G14 vart Elias Dispen Lødemel nr 86. Han vart 3 min 28 sek etter vinnaren etter å ha fått eit tillegg på to minutt p.g.a to manglande strafferundar. Klassevinnar vart Lauritz Sogn Larssen frå Try IL.

Magnus Midthjell Gjørven kom på ein 75. plass i G15 medan Nikolai Dispen Lødemel vart nr 94 i same klassen. Klassevinnar vart Eirik Idland frå Figgjo.

Vi gratulerer også Ann Kristin Aaland frå Hardbagg som gjekk heilt til topps i klasse J13!


Komplett resultatliste frå Bendit Kvalfoss-sprinten finn du her:


Resultatliste for Bendit Kvalfoss-sprinten 4.2.2017




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline