VM-sølv på sprinten til Johannes Thingnes Bø!

Postet av Markane IL den 11. Feb 2017

Johannes Th Bø.jpg

Berre 0.7 sekund skilde Johannes Thingnes Bø frå eit VM-gull på sprinten i Hochfilzen i dag. Gullet gjekk til Benedikt Doll frå Tyskland med tida 23.27.4.

Johannes skaut feilfritt i likskap med Doll, men tapte forspranget på 10 sekund som han hadde ut på siste runden, inn mot mål

Også Tarjei Bø gjorde eit svært godt VM-løp. Med berre eitt bomskot endte han på 14. plass som tredje beste norske.

Ole Einar Bjørndalen kom på 8. plass medan Emil Hegle Svendsen enda på ein 36. plass. Franske Martin Fourcade, som hadde to bom, kom på bronseplass, 23, 1 sekund bak vinnaren.

I morgon er det klart for VM-jaktstart.


Vi gratulerer Johannes med VM-sølvet!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline