Nytt VM-sølv til Johannes Thingnes Bø på jaktstarten

Postet av Markane IL den 13. Feb 2017

Johannes Th Bø.jpg

Johannes Thingnes Bø sikra seg nok eit VM-sølv på jaktstarten i Hochfilzen i dag.


Ingen av dei andre løparane var i nærleiken av å true den franske storfavoritten Martin Fourcade, men Johannes Thingnes Bø tok nok eit imponerande VM-sølv under jaktstarten søndag.

Det vart dobbelt norsk på pallen med sølv til Johannes og bronse til Ole Einar Bjørndalen (43) som tok sin VM-medalje nummer 45.

Johannes fekk tre bom i løpet av jaktstarten, men klarte likevel å gå seg inn til nok eit VM-sølv, 22,8 sekund bak den franske favoritten.

Tarjei Bø gjorde også eit svært godt løp og enda til slutt på 9. plass, 52,3 sekund bak Fourcade.


Vi gratulerer med nok eit VM-sølv!





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline