Oskar Guddal Breivik til topps på Hovudlandsrennet!

Postet av Markane IL den 26. Feb 2017

Oskar Guddal Breivik gjekk heilt til topps i klasse G15 på sprinten under HL skiskyting!

Med ein bom på kvar av skytingane vann han klassa 9,5 sek føre Emil Hage Streitlien frå Folldal IL som hadde tre bom totalt. På tredjeplass kom Jakob Høsøien frå Tynset IF, 15.9 sek etter vinnaren med totalt to bom.

Oskar gjekk også inn til ei god plassering på fredagens normaldistanse der han vart nr 7.

Markane hadde også ein deltakar i 16-årsklassa. Magnus Midthjell Gjørven. Med totalt to bom på sprinten kom han på 81.plass i klassa. På normaldistansen hadde han berre eit tillegg på standplass og vart nr 75. I alt 112 deltakarar var påmelde i klassa.


Resultat frå sprinten og normaldistanse på HL i Meråker

Offisiell resultatliste HL G15 Sprint.pdf

Offisiell resultatliste G15 normal.pdf

Offisiell resultatliste G16 sprint.pdf

Offisiell resultatliste g16 normal.pdf

Foto: Nordfjord Team



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.