Oppstart av o-sesongen

Postet av Markane IL den 21. Apr 2017

orienteringslogo.gif

Terminlista for orienteringssesongen 2017 er klar.

Det vert teke atterhald om endringar, så følg med på nettsidene og Facebook. I tillegg til nær o-løp på torsdagar vil vi arrangere Finn Fram-dagen søndag 14. mai på Ullsheim og Verdens Orienteringsdag onsdag 24. mai i Tonningskamben.

10. - 11. juni arrangerer Markane IL og Veten IL KM mellom og lang. Har du aldri sprunge orientering? Kva med å prøve ei nybyrjarløype, som er open for både små og store. Ved enkelte nær o-løp vil vi tilby "lynkurs" i bruk av kart og kompass.

Vi ønskjer nye og gamle o-løpere velkomne!

Terminliste o-sesongen 2017.pdf





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline