Oppussing av garderobeanlegget på Ullsheim

Postet av Markane IL den 10. Jul 2017

Ullsheim 2008.jpg

Garderobeanlegget på Ullsheim (spesielt herregarderoben) er etter mange års bruk vorte veldig slitt og der er liten eller ingen ventilasjon.

Det er difor på tide med litt oppussing og oppdatering av anlegget. Det skal monterast mekanisk avtrekk/ventilasjon i dusjromma og det skal monterast nye varmtvasstankar. Samstundes er det ynskjeleg å få malt opp att tak og veggar i litt lyse fargar.

For dei av dykk som har motteke dugnadsliste på e-post:

Still på så sant du kan. Ta gjerne med ein venn også (om du veit nokon som kan eller burde vere med 😉).

Sjåast på Ullsheim.

God sommar vidare! 😊




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline