OL-gull i blanda stafett!

Postet av Markane IL den 20. Feb 2018

Johannes Thingnes Bø gjekk tredje etappe på det norske laget som tok sølv i blanda stafett under OL i Pyeongchang

Johannes fekk eit vanskeleg utgangspunkt då han gjekk ut på  sin tredje etappe. Tiril Eckhoff hadde sjansen til å ta inn på teten då laga i front måtte ty til ekstraskot på 2. etappe, men i staden måtte ho ut i ein strafferunde og veksla med Johannes 1.23 minutt bak leiarlaget.

Alt etter ein liten kilometer på sin etappe hadde Johannes teke inn sju sekund på det tyske laget. Ut frå skyting var avstanden igjen på 1.23, men opp til bronsemedaljen var det berre 20 sekund. Etter den siste skytinga var det plutseleg berre 15 sekund opp til sølvet. Til veksling kom Johannes likt inn med Italia og Frankrike, halvminuttet bak Tyskland.

Ein strålande etappe av Johannes, som verkeleg gjorde jobben på sin etappe.

Emil Hegle Svendsen gjekk ein solid siste etappe, og då Tyskland og Italia sprakk på siste ståande  sikra han det norsk sølvet 20 sekund bak Frankrike.

Det norske laget var sett saman av Marte Olsbu, Tiril Eckhoff, Johannes Thingnes Bø og Emil Hegle Svendsen.

Vi gratulerer!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc