Orienteringssesongen 2019 startar opp snart.

Postet av Markane IL den 11. Apr 2019

Orienteringssesongen startar opp att igjen. Helga 27. og 28. april er det KM Mellom og KM Sprint i Stryn (Har byta dag innbyrdes i høve det som har vore annonsert tidlegare.)

Det er i år lagt inn ein ungdomscup som omfattar desse 4 løpa:  KM Sprint, Sunnfjordorienteringa, DM Mellom og KM Lang.

Cupen gjeld for ungdom til og med 20 år, i klassane D/H 13-14, D/H 15-16, D/H 17-20.

Ved KM Lang i Naustdal 15. september blir det jaktstart basert på tidsdifferansen etter dei tre første løpa, utrekna etter følgjande formel:

(Tida ved KM Sprint x 2) + (Tida ved Sunnfjordorienteringa) + (Tida ved DM Mellom) = tidsdifferanse ved jaktstart.

Det vert også i år ti nær-o-løp. Sesongen startar opp torsdag 2.mai og det er Markane som arrangerer det første løpet med start frå Ytste-Maursetvegen. Heile terminlista er lagt ut nedanfor.


Terminliste SFOK 2019 


Nær-o-løp-sesongen 2019





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline