Bronse til Maren på fellesstarten i jr.NM skiskyting

Postet av Markane IL den 8. Mar 2020

Maren Hjelmeset Kirkeeide tok bronse i klasse K17 under junior-NM skiskyting på Folldal. Også Oskar Guddal Breivik var nær medalje med 5.plass på sprinten i M18.


Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra seg NM-medalje då ho gjekk inn til bronse i K17. Ho låg i teten etter dei to første skytingane der ho fekk totalt to bom. På den tredje skytinga vart det tre strafferundar og ho gjekk ut som nummer seks. Trass i to bom også på siste skyting var ho med i medaljestriden på den siste runden. Med god fart i sporet gjekk ho inn til ein solid bronse. Anna Espeli frå Geilo tok gull, 26 sekund før Maren. Opp til sølvplass var det 16 sekund. 

På sprinten laurdag var det berre 3,5 sekund som skilde Oskar Guddal Breivik frå ein medalje. Han kom på ein flott 5.plass i klasse M18.

Gunn Kristi Tvinnereim frå Hardbagg tok gull på fellesstarten og bronse på sprinten i klasse K18.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline