Nybyrjarkurs og første nær o-løp torsdag 29. april

Postet av Markane IL den 24. Apr 2021

O-sesongen er i gong att, og vi startar med nybyrjarkurs og første nær o-løp same dag.

På torsdag 29. april kl. 17.30 blir det nybyrjarkurs på Storstova på Stryn VGS. Kurset er tenkt slik at det blir opplæring for vaksne inne, medan det blir teori og opplegg for barn ute.

Nybyrjarkurset er på grunnleggande nivå. Opplæring av kartteikn og forståing av kartet. Teori og opplegg for barna varer frå kl. 17.30 -18.30. Deretter teste ut ei o-løype frå ca. kl. 18.45 - 19.30. 

På grunn av gjeldande koronareglar blir det berre plass til 10 stk. inne. Det er difor plass til inntil 10 vaksne og 20 barn på kurset. Ver difor tidleg ute med å melde på dersom de ønskjer å få med dykk dette kurset.

Påmelding kan sendast på e-post til:

annemariesvarstad3@gmail.com

Torsdag er det også tid for første nær o-løp. Nær o-løpet blir frå kl. 18 med start ved stallen på Stryn stadion. Løypa blir lagt i Kamben og i sentrum. Det blir N-løype, C-løype og A-løype.

Vi rettar oss etter gjeldande smittevernreglar. Alle deltakarar må vere friske, halde avstand til andre og det blir tilgjengeleg antibac ved start/mål.

Vel møtt til o-løp!

Denne innbydinga kan du også laste ned her:

Innbyding til nybyrjarkurs og nær-o-løp


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.