Kategori
Bjørkelibakkane 16.2.2014:
Postet av Markane IL den 17. Feb 2014
God deltaking i Vetenrennet.
Emilie Flo Stavik vann klassa for jenter 11 år. Lengst ned i bakken kjem Hedda Garlid Hilde som vart nummer tre i same klasse. Foto: Margunn Hjelmeset
Markane IL var godt representert i Vetenrennet 2014. Av totalt 82 deltakarar kom 21 løparar frå Markane.Spesielt i dei yngste klassane var det mange frå Markane som stilte opp.
Blant dei som deltok i konkurranseklassane frå 11 år og oppover, var det også i dag mange fine resultat. Tre gjekk heilt til topps i sine klasser.
Aksel Mathias Meland vann klassa G15 etter å ha fullført den fem kilometer lange løypa på 14 min 15 sek.Han var 13 sek før Andreas Hetle frå Breimsbygda. Også tredjeplassen gjekk til ein frå MIL, Magnus Arntsen. Han var 1 min 35 sek bak Aksel.
I klass G12 vart det klassesiger til Sigurd Fotland Fænn. Han gjekk 2 km på 7 min 35 sek og var med det 39 sekund før nummer to Bendik Vereide.
Også i klasse J11 vart det markanesiger. Her var det Emilie Flo Stavik som gjekk til topps. Ho gjekk den 2 km lange løypa på 9 min 3 sek. På andreplass følgde Ingunn Bergset som var 57 sek bak. Hedda Garlid Hilde frå Markane IL kom på tredjeplass, 1min 44 sek bak.
I klassa G16 vart det pallplass til Grim Nygård. Han vart nummer tre, 1 min 32 bak klassevinnar Isak N. Hopland. Andreplassen gjekk til Matias Lote Henden. I klassa G11 plassert dei tre deltakarane frå Markane seg på rad og rekke då Daniel Langeset vart nummer 3, Anders Svarstad Hole nr. 4 og Eirik Bjørlo Sandbakk nr. 5. Klassevinnar vart Tord Sølvberg. Eirik Nor Midthjell frå Eid IL tok andreplassen.
Også i dei urangerte klassane var det mange løparar frå Markane med. I G10 gjekk Jørgen Trøsken og Torje Seljeset. I J9 stilte Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Sara Annie Bjørnhaug Aarnes og Mari Sofi Meland. Elias Langeset deltok i G8 medan Inger Hjelmeset, Oda Svarstad Hole og Maria Bjørlo Sandbakk deltok i J8. I dei aller yngste klassane G/J 7 år eller yngre deltok Jesper Svarstad Hole, Kornelia Trøsken og Ane Hjelmeset Kirkeeide.
Foto av nokre av deltakarane frå Markane nedanfor. Fotograf er Margunn Hjelmeset
Resultatliste for Vetenrennet 2014-Dato 16.2.2014
Jørgen Trøsken.
Mari Sofi Meland
Sara Annie Bjørnhaug Aarnes
Torje Seljeset
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.