Universiaden Trentino 20.12.2013:

Postet av Markane IL den 20. Des 2013

23. plass til Jarle Midthjell Gjørven på fellesstarten

 Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN, NM på Dombås.

Jarle Midthjell Gjørven vart nummer 23 på den avsluttande distansen i "student-OL". Foto: TSN (frå NM Dombås)

Det vart ein 23. plass til Jarle Midthjell Gjørven på den fellesstarten i "student-OL" i Trentino. Nok ein gong utmerka Jarle seg som ein av dei beste skyttarane i feltet. Det vart 19 av 20 mogleg treff på dei fire skyteseriane. Den eine bommen kom på den første ståande skytinga. Berre to av dei 30 løparane i feltet klarte fullt hus og Jarle leverte dermed den tredje beste skytinga i feltet. I sporet var farten noko lågare enn dei raskaste austeuropeiske løparane. I mål skilde det 3 min 12 sek fram til den ukrainske vinnaren Dmytro Pidruchnyi. Sølvet gjekk til Tomas Krupcik frå Tsjekkia som var 28,4 sek bak vinnaren. Dmitrii Elkhin frå Russland tok bronsen, 30, 5 sek bak bestetida.

Jarle var i dag nest best av dei tre norske løparane som fekk gå fellesstarten. Vegard Bergli vart nummer 9 og Martin Rui nummer 28.

  Resultatliste Universiaden Trentino fellesstart menn 20.12.2013




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline