Le Grand Bornand 15.12.2013:

Postet av Markane IL den 15. Des 2013

Ny verdscupsiger til Johannes Thingnes Bø!

Johannes Thingnes Bø. Foto: TSN 2012

Johannes Thingnes Bø vann sin andre verdscupsiger på to dagar. Foto: TSN, 2012

 Johannes Thingnes Bø vann sitt andre verdscupløp på like mange dagar på han tok sigeren under jaktstarten i Le Grand Bornand.Med suveren fart i løypa og nitten av tjue moglege treff hadde Johannes ei solid leiing frå start til mål.

Johannes starta jaktstarten med eit forsprang på 32 sekund til Ondrej Moravec. Inn til første skyting hadde leiinga ned til feltet auka til over 40 sekund. Med ein rask og feilfri serie på første liggjande skyting gjekk Johannes ut på andrerunden 41,4 sek føre Lukas Hofer, Italia. På den andre liggjande skytinga kom dagens einaste bom dermed minka leiinga til 21 sek til austerrikske Daniel Mesotitsch som då låg på andreplass. Herfrå og mot mål gjekk Johannes berre frå feltet. Med to feilfrie ståande seriar var det ikkje tvil om kven som skulle vinne løpet. Johannes tok sigeren på jaktstarten. Erik Lesser frå Tyskland vart nummer to 37,5 sek bak og Anthon Shipulin frå Russland vart nummer tre, 39,1 sek etter vinnaren.

 Vi gratulerer!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline