Lygna 07.12.2013:

Postet av Markane IL den 7. Des 2013

Sølv til Johan Eirik Meland i Norgescupen

Johan Eirik med sølv i NC Lygna. Foto: TSN

Johan Eirik Meland tok sølv på normaldistansen i NC på Lygna. Foto: TSN.

Johan Eirik Meland gjekk eit flott løp på dagens normaldistanse i DNB cup 2/Statkraft juniorcup 1 på Lygna. Med jamnt brukbar skyting med ein feilfri serie og eit tilleggsminutt på dei tre andre og høg fart i sporet, heldt det til sølv i klasse M20-21. I mål var Johan Eirik 1 min 16 sek bak vinnaren Bendik Aketun frå Fyresdal SSL som skaut fantastisk med fire feilfrie seriar. Fredrik Mack Rørvik frå Målselv vart nummer tre. Han var 1 min 20 sek bak vinnaren med sine tre tilleggsminutt. Bak seg på resultatlista hadde Johan Eirik blant anna heile juniorlandslaget!

Jarle Midthjell Gjørven deltok i same klassa, men hadde ikkje heilt dagen på standplass. Med seks tilleggsminutt vart det ein 30. plass, 5 min 8 sek bak vinnaren.

Tidlegare i dag var årsklassane mellom 17-19 år i aksjon. I klasse M19 vart det ein fin 10. plass til Lars Midthjell Gjørven. I mål var han 5 min 8 sek bak vinnaren. Lars skaut fullt på begge dei liggjande skytingane og fekk berre eit minutt på den siste ståande. Om det ikkje hadde vore for dei tre tilleggsminutta på den første ståande skytinga, hadde det vore eit løp heilt i nærleiken av pallen. Isak Flo Bødal frå vår naboklubb Stårheim/Team Statkraft Nordfjord vann klassa suverent. Han var heile 2 min 15 sek føre andreplassen. I same klassa deltok også Grunde Breidablik som vart nummer 43 etter å ha skote på seg åtte tilleggsminutt.

I klassa for M18 vart Georg Halsteinslid nummer 30 med totalt fem bom. Han låg heilt oppe på ein 15. plass etter tredje skyting, men fekk tre tilleggsminutt på siste ståande. Klassevinnar vart Simen Kleven frå Simostranda IL. I klasse M 17 vart det ein 72. plass til Gaute Bø etter ein tung dag på standplass med ni tilleggsminutt. Vinnar vart Erik Kvam frå Meldal IL.

Resultatliste for DNB cup2 Statkraft Juniorcup 1 Lygna normaldistanse. Dato 7.12.2013 Klasse M17

Resultatliste for DNB cup2 Statkraft Juniorcup 1 Lygna normaldistanse. Dato 7.12.2013 Klasse M18

 Resultatliste for DNB cup2 Statkraft Juniorcup 1 Lygna normaldistanse. Dato 7.12.2013 Klasse M19

Resultatliste for DNB cup2 Statkraft Juniorcup 1 Lygna normaldistanse. Dato 7.12.2013 Klasse M 20-21


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline