Hochfilzen 6.12.2013:
Postet av Markane IL den 6. des 2013
Fullt hus og 4. plass til Tarjei Bø på sprinten
Tarjei Bø vart svært nær sesongens første individuelle pallplass på verdscupsprinten i Hochfilzen. Med fullt hus på begge skytingane og bra fart i løypa var han med heilt i tetsjiktet.
Lars Berger imponerte med suveren fart i løypa. Trass to strafferundar var han 17,0 sekund raskare enn Tarjei i mål. Franske Martin Fourcade kom på andreplass. Han var 13,6 sek bak Berger. Det vart ein flott norsk dag i Hochfilzen. Ole Einar Bjørndalen tok tredjeplassen berre 15,3 sek bak vinnaren. Tarjei hamna dermed akkurat utanfor pallen på ein fjerdeplass.
Det ligg dermed an til ein svært jamn og spennande jaktstart på søndag. Kanskje kjem Tarjei sin første pallplass for sesongen alt då.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Miljøsamling 26.-27.9.2026
14.09.2026
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026