Ullsheim 05.12.2013:

Postet av Markane IL den 6. Des 2013

Rapport frå årsmøte i Markane IL

Torsdag 5. desember var det årsmøte i Markane IL. På saklista var vanlege årsmøtesaker som årsmeldingar, rekneskap, anleggsplan, spelemiddelsøknad m.m.

Årsmeldingane for styret og gruppene syner svært stor aktivitet i laget i 2013. Totalt 17 personar var til stades på årsmøtet. Det hadde sjølvsagt vore ønskjeleg at årsmøtet samla fleire.

Av innkomande saker var framlegg om å avslutte sykkelgruppa p.g.a liten aktivitet i gruppa siste åra og gode sykkeltilbod i naboklubbane. Framlegget vart vedteke samrøystes. Takk til Kjetil Svarstad og Henning Heimlid som har vore i styret for gruppa.

Kontingenten for 2014 vart vedteken uendra. Årsmøtelyden fekk elles informasjon om det komande storarrangementet HL2014, andre arrangement i laget framover og planane om utgje ei jubileumsbok om MIL.

Det vart sjølvsagt også gjennomført val til styret og gruppestyra for 2014:

Samansetnaden av styret er uendra for 2014: Leiar Eldbjørg Hatledal, nestleiar Hallgeir Nygård, sekretær Antonia Karete Kongsvik, styremedlemmar Arvid Hatledal (med særskilt ansvar for Ullsheimanlegget), Magne Maurset og Alf Martin Almskår.

Også alle gruppeleiarane held fram i 2014. I gruppestyra vart det følgjande endringar: Anne Marie Svarstad er nytt medlem i skigruppa som dermed får eit ekstra styremedlem i høve til i fjor. Svein Arne Lødemel er ny i orienteringsgruppa medan Bodil Dybevoll er ny i styret i trimgruppa. Stor takk til dei som no går ut gruppestyra for innsatsen dei har lagt ned: Kåre Bøe (o-gruppa) og Birgit Svarstad (trimgruppa)!

Valet vart godt gjennomført av leiar i valnemnda Per Heimlid som dermed er ferdig med sine tre år i nemnda. Nytt medlem i valnemnda for 2014 vart Frank Jakob Sandbakk.

Oversikt over samansetnaden av styret, gruppene og anna personell for 2014 finn du her.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline