Östersund 28.11.2013:

Postet av Markane IL den 29. Nov 2013

27. og 37. plass til Johannes og Tarjei i verdscupopninga

Johannes Thingnes Bø. Foto: FjordingenJohannes Thingnes Bø kom på 27. plass og Tarjei Bø på 37. plass i det første individuelle rennet i årets verdscup. Ingen av dei hadde den heilt store dagen på standplass.

Johannes innleia med ein bom og dermed eit tilleggsminutt på kvar av dei to første skytingane. På tredjeskyting vart det fullt hus, men to tilleggsminutt på siste skyting førte til eit hopp nedover lista. I mål heldt det til ein 27. plass. Johannes var tredje best av dei norske løparane i dag.

Under vanskelege skyteforhold hadde Tarjei Bø ein dårleg dag på standplass. Det vart totalt 5 tilleggsminutt og ein 37. plass i sesongopninga. Martin Fourcade vann suverent etter fire fulle hus og god fart i sporet.

Nye sjansar til å betre på resultata kjem alt i morgon.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline