Kategori
Geilo 24.11.2013:
Lagt ut av Markane IL den 24. Nov 2013
28. og 32. plass til Jarle og Johan Eirik på fellesstarten
Jarle Midthjell Gjørven vart nr. 28 på fellesstarten i Norgescup. Foto: Team Statkraft Nordfjord, 2012
Både Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland gjekk seg inn til betre plasseringar på dagens fellesstart enn på sprinten. Jarle kom til slutt på ein 28. plass med totalt fire bom på dei fire skyteseriane. Johan Eirik Meland vart nummer 32 med totalt fem bom. Avstanden frå Jarle og fram til vinnaren var på 2 min 22 sek. Fleire tidlegare deltakarar i World Cup var på start i fellesstarten. Sigeren gjekk til Alexander Os frå Ishavslaget. Syver Nygård frå Byåsen SSL kom på andreplass medan Tor Petter Lillebo Stormoen frå Alvdal IL vart nummer tre.
Kommentarar
Logg inn for å skrive en kommentar.