Sjusjøen 17.11.2013:

Postet av Markane IL den 18. Nov 2013

Ny 7. plass til Johannes Thingnes Bø

-Tarjei Bø på 12. plass

 Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim 2010

Johannes Thingnes Bø gjekk seg inn til ein ny sjuandeplass på fellesstarten på Sjusjøen. Foto: Anders Vonheim (NC Geilo 2010)

Det vart ein ny sjuandeplass til Johannes Thingnes Bø under fellesstarten på Sjusjøen. Tarjei Bø kom på 12. plass i sin sesongdebut etter å lenge ha vore med i teten. Både Tarjei og Johannes fekk totalt tre bom i løpet av fellesstarten. Tarjei låg lenge best an og leia inn til tredje skyting, men med to bom på siste skyting vart det til slutt ein 12.plass. Johannes hadde omvendt løpsutvikling. Etter å ha gått ut frå første skyting på ein 17. plass etter ein bom, var han oppe på sjuandeplass etter tredjeskyting. På den siste skytinga vart det ein bom, men likevel gjekk Johannes ut på siste runden på fjerdeplass i eit svært jamnt felt frå tredje- til tiandeplass. I mål vart det ein sjuandeplass 18 sekund bak vinnaren Ole Einar Bjørndalen. Vetle Sjåstad Christensen vart nummer to og Lars Berger vart nummer tre.

Jarle Midthjell Gjørven deltok i dagens B-heat på fellsstarten der han vart nummer 18. B-heatet vart vunne av Daniel Bøhm frå Tyskland. Jarle var heilt oppe på 10. plass etter feilfri skyting på dei tre første seriane, men to bom på siste skyting gav til slutt ein 18. plass.  

Resultat skiskyting Sjusjøen fellesstart menn heat A 17.11.2013

Resultat skiskyting Sjusjøen fellesstart menn heat B 17.11.2013




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline