Mo i Rana 21.9.2013:

Postet av Markane IL den 21. Sep 2013

Bronse til Tarjei Bø i NM rulleskiskyting 

Vetle Sjåstad Christensen, Emil Hegle Svendsen og Tarjei Bø. Foto:  Bossmo og Ytteren IL

Medaljevinnarane på sprinten i NM rulleskiskyting: Vetle Sjåstad Christensen, Emil Hegle Svendsen og Tarjei Bø. Foto: Lise Mari Løvstrand/Bossmo og Ytteren IL

Tarjei Bø tok bronsemedalje på sprinten under NM rulleskiskyting 2013. Han var 20,7 sekund etter dagens norgesmeister Emil Hegle Svendsen. Begge hadde ein strafferunde. Sølvmedaljen gjekk til Vetle Sjåstad Christensen. Han var 11,4 sek etter vinnaren i mål. Også han hadde ein strafferunde.

Johannes Thingnes Bø kom på ein fin femteplass. Differansen fram til vinnaren var på 34,6 sek. Også Johannes hadde ein runde frå den stpande skytinga.

I dei aldersbestemte klassane hamna Jarle Midthjell Gjørven like utanfor pallen i M20/21. Med ein bom på kvar av skytingane vart det ein fjerdeplass i mål 57,1 sekund etter vinnaren Håkon Svaland frå Birkenes IL. Martin Femsteinevik frå Hålandsdalen IL/Team Statkraft Hordaland vart nummer to 10,1 sek bak vinnaren medan bronsen gjekk til Øystein Solligård frå Orkdal IL som var 30,5 sek bak vinnaren. I denne klassa vart også Johan Eirik Meland nr 15 etter tre bom på standplass. Differansen fram til vinnaren vart på 2 min 5,4 sek.

Markane IL hadde også ein deltakar i M18. Georg Kristian Halsteinslid vart nr 37. Han var 5 min 27 bak vinnaren etter å ha fått totalt seks bom på standplass. Vinnar av klassa vart Sindre Pettersen frå Nittedal SSL/Team Statkraft Oslo og Akershus.

Også i klasse M19 gjorde ein nordfjording god innsats då Isak Flo Bødal frå Stårheim IL/Team Statkraft Nordfjord vart nummer fire.

Med dagens innsats bør det ligge an til ein spennande NM jaktstart i morgon!

Meir om NM rulleskiskyting finn du på arrangøren Bossmo og Ytteren IL si heimeside.

Resultatliste NM rulleskiskyting sprint 21.9.2013 Alle klasser. Arr: Bosmo og Ytteren IL


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline