Hopland 8.9.2013:

Postet av Markane IL den 9. Sep 2013

God innsats i årets Kleiva Opp.

 Aksel Meland og Magnus Arntsen. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

Aksel Mathias Meland og Magnus Arntsen var to av deltakarane i Kleiva Opp 2013. Foto: Sigbjørn Kirkeeide, 2011

 Markane IL var godt representert i dei yngste guteklassane i Kleiva Opp 2013. I G12/13 og G14/15 kom over ein tredel (6 av 17) av løparane frå Markane. Klassane under 16 år starta ved Rand skule og sprang ei 4 km lang løype opp til Nosakleiva. Høgdestigninga i løypa er på 350 meter.

I klasse G12/13 vart det tredjeplass til Magnus Midthjell Gjørven med tida 28,33. Klassevinnar vart Magnus Seljeset som var i mål på 25,59.

Aksel Mathias Meland vart nummer to i klasse G14-15 med tida 23,00. Raskast i klassa var Mathias Lote Henden frå Stårheim IL med 22,47. I same klassa vart Odd Sindre Tonning nr 5, Andreas Halsteinslid nr 7, Håkon Midthjell Gjørven nr 8 og Magnus Arntsen nr 11.

I klassane over 16 år som sprang den lengste løypa frå Hopland til Nosakleiva på 7 km vart Therese Sjursen frå BFG Bergen raskaste dame med 38,04. Jan Olav Tjønnaland frå Viksdalen var kjappast opp av herrane med 33, 42. I klassa for sykkel gjekk bestetida til Stig Svalheim frå Eidfossen sykkel. Han var i  mål etter 28 min 18 sek.

Det var også ny deltakarrekord for Kleiva Opp med 112 personar til mål. Fullstendig resultatliste nedanfor:

Resultatliste for Kleiva Opp 2013. Arrangør: Hardbagg IL. Dato: 8.9.2013


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline