Nordfjord fritidssenter 8.8.2013:

Postet av Markane IL den 10. Aug 2013

47 deltakarar på sesongens sjette nær-o-løp

Katrine Svarstad Heggdal. Foto: Anne Marie Svarstad 2012 

Katrine Svarstad Heggdal var ein av deltakarane på nær-o-løpet torsdag. Her fotografert under fjorårets løp på Maurset. Foto: Anne Marie Svarstad

 I alt 47 løparar deltok på sesongens nest siste nær-o-løp. Tre av desse fullførte to ulike løyper. IL Veten var arrangør og løpet gjekk i området rundt Nordfjord fritidssenter.

Totalt 11 løparar frå Markane IL stilte opp i løpet. Som vanleg var det best deltaking i småtroll- og nybyrjarklassa. Åtte frå Markane stilte opp i småtroll og nybyrjarløypa. Av desse deltok Jesper Svarstad Hole i småtrollklassa. I den litt lenger nybyrjarløypa på 1,9 km deltok: Kristin Almskår, Karoline Almskår, Katrine Svarstad Heggdal, Olina Svarstad Heggdal, Brita Svarstad Heggdal, Anne Marie Svarstad og Oda Svarstad Hole.  

I konkurranseklassane fullførte Grete Zachariassen den 2,8 km C-løypa på 36 min 1 sek medan Vigdis Sætren fullførte den 5,9 km lange A-løypa på 1 time 23 min 52 sek. Damene frå Markane var åleine i sine klassar så her er det plass til fleire deltakarar ved eit seinare høve!

Tidlegare Markane-løpar Kristin Heimlid Øiestad som no representerer Veten, vart raskast gjennom den kortaste A-løypa på 3,9 km. I den 5,9 km lange A-løypa for menn var Isak Bergset som representerte NTNUI, raskast med tida 42 min 25 sek. Nils Heggdal vart nummer fire med tida 1 t 15 min 41sek.

Neste torsdag er det klart for sesongens siste nær-o-løp. Løpet er også lagsmeisterskap for Markane IL. Samanlagtlista så langt viser at i alt 23  løparar har sjanse om å kome opp i minst fire løp så alle må nytte høve til å delta torsdag!

Fullstendig resultatliste og samanlagtresultat så langt er lagt ut nedanfor:

Resultatliste for nær-o-løp nr 6 Arrangør IL Veten Dato: 8.8.2013

Samanlagtliste nær-o-løp 2013 løp 1-6




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline