Sætren 20.6.2013:

Postet av Markane IL den 24. Jun 2013

God deltaking på det fjerde nær-o-løpet.

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide ved ein av postane. Foto: Margunn Hjelmeset

Det var god deltaking då Markane IL arrangerte sesongens fjerde nær-o-løp. I alt 36 løparar deltok og to var så ivrige at dei var med i to ulike løyper. 32 av dei som var med representerte Markane IL medan fire representerte IL Veten.

Spesielt var det god deltaking blant dei yngste løparane. Fire stilte opp i småtroll-løypa medan heile 17 fullførte den 1,5 km lange N-løypa. Nokre av desse deltok på nær-o-løp for første gong.

I dei lenger løypene var Grete Zachariassen og Nikolai Dispen Lødemel  raskast gjennom 2,6 km-løypa med vinnartida 71,22. I den nest lengste løypa på 3,6 km gjekk klassesigeren til Åshild Sætren Bøe som var i mål på 51,08. Isak Bergset frå IL Veten vann den lengste løypa på 5,1km med vinnartida 33,57.

Neste løp er alt torsdag 27.juni. IL Veten er arrangør. For detaljar sjå annonseringa for løpet.

Resultatlista for løp nr 4  er utlagd nedanfor. Det er også samanlagtlista for dei fire første løpa.

Resultatliste for nær-o-løp nr 4 Arrangør Markane IL Dato 20.6.2013

Samanlagtliste nær-o-løp 2013. Løp nr 1-4

Oddrun og Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset 

Oddrun og Maren Hjelmeset Kirkeeide har begge delteke på tre løp så langt og ligg dermed godt an til årets samanlagtpremie. Foto: Margunn Hjelmeset


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline