Holmenkollen 16.9.2012

Postet av Markane IL den 16. Sep 2012

  NM-gull til Johan Eirik Meland på jaktstarten i rulleskiskyting!

 -Sølv til Jarle Midthjell Gjørven

Johan Eirik Meland tok gull i klasse M19 under jaktstarten i NM rulleskiskyting. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Også i dag vart det gull til ein utøvar frå Markane IL under NM rulleskiskyting i Holmenkollen. Johan Eirik Meland gjekk ein strålande jaktstart og vart norgesmeister på distansen i klasse M19. Johan Eirik starta som nr 3, men med berre tre bom i løpet av dei fire skytingane gjekk han seg fram i teten. I mål var han 37sek føre sølvvinnar Simon Ågestad Kalkenberg. Aslak Nenseter tok bronsen.

Jarle Midthjell Gjørven gjekk først ut på jaktstarten for klasse M20/21 etter sigeren i går. Også i dag vart det eit godt løp med totalt fire bom på dei fire skytingane. Vegard Bjørn Gjermundshaug frå Alvdal IL fekk også fire bom. Han var svært rask i løypa og sikra seg gullet. Jarle spurtslo Håkon Svaland frå Birkenes IL/SVG og sikra seg sølvmedaljen med ein tidels margin. Tidsdifferansen opp til vinnaren var på 1.29,7.

Johannes Thingnes Bø kom også i dag på sjuandeplass i klassa for menn senior. Differansen var på 4 min 16 opp til vinnaren, men det var berre 12 sekund opp til femteplassen. Ole Einar Bjørndalen vann også i dag suverent heile 2 min 30 føre Lars Berger.

I klassa for M17 kom Georg Kristian Halsteinslid på 46.plass. NM-vinnar vart som i går Sindre Pettersen.

Team Statkraft Nordfjord fekk også ein løpar på pallen i klasse M18 der Isak Flo Bødal frå Stårheim IL også i dag sikra seg sølvmedalje.

Resultatlistene for klassar med deltakarar frå Markane IL er lagt ut nedanfor. Sjå elles arrangørens heimeside for fleire resultat og foto frå helgas NM.

Johan Eirik Meland, Jarle Midthjell Gjørven og Isak Flo Bødal. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Tre glade medaljevinnarar frå Team Statkraft Nordfjord. Frå venstre: Johan Eirik Meland frå Markane IL, Jarle Midthjell Gjørven frå Markane IL og Isak Flo Bødal frå Stårheim IL. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 Resultatliste frå NM rulleskiskyting i jaktstart M17 Dato 16.9.2012

Resultatliste frå NM rulleskiskyting jaktstart M19 Dato 16.9.2012

Resultatliste frå NM rulleskiskyting jaktstart M20/21 Dato 16.9.2012

Resultatliste frå NM rulleskiskyting jaktstart menn senior Dato 16.9.2012


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.