Kategori
Hopland 02.09.2012:
Postet av Markane IL den 29. Aug 2012
Invitasjon til Kleiva opp 2012
Hardbagg IL inviterer til Kleiva opp søndag 2.september. Løpet vert arrangert for 21. gong.
Løpet går frå kaia på Hopland, opp heile Randabygda og har målgong på Nosakleiva, 7 km og 600 høgdemeter lenger oppe.
Løpsklassa: Start kl.1400. Pengepremiar på 3000kr-1500kr-1000kr til dei tre beste tidene både i dame- og herreklassa. I tillegg kjem 2000kr ved ein eventuell løyperekord.
Dei under 16 år og mosjonsklasse på tid startar ved skulen. Her frå er det 4km i mål og ei stigning på 350 meter.
Vanleg klasseinndeling. Mosjonsklassa startar frå kl. 1200.
Sykkelklassa: Start kl. 1400. 7 km sykling, terrengsykkel.
Påmelding til torstein.tvinnereim@sfj.no innan 1.september!
Startkontingent:
Konkurranse: 150kr for vaksne og 100kr for unge under 16år.
Mosjon: 100kr for vaksne og 50kr for born.
Invitasjon til Kleiva opp 2012.
Sjå elles Hardbagg IL si heimeside.
---------------------------------------------------------------
Langedalsbru 02.09.2012:
Invitasjon til "Over Brekka"
Søndag 2.september inviterer Haugen IL til det nest siste løpet i årets Nordfjordkarusell. Løpet er 7,6 km langt og går frå Langedalsbru til Harpefossen.
Starttid: kl. 1330
Påmelding ved start!
Klasseinndeling: A) J/G 13-16 år, K/M 17-29 år, K/M 30-39 år, K/M 40-49 år, K/M 50-59 år, K/M 60-69 år, K/M over 70 år B) Mosjonsklasse utan tidtaking
Startkontingent: konkurranse kr 80, trim kr 50 og familie kr 150.
Sjå elles Nordfjordkarusellen si heimeside!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.