Ullsheim 09.06.2012:

Postet av Markane IL den 16. Jun 2012

Glimt frå årets finn-fram-dag!

Erik Trøsken og Jørgen Trøsken. Foto: Margunn Hjelmeset

Erik Paulsen og Jørgen Trøsken i sving med belgisk orientering på finn-fram-dagen 12.juni 2012. Foto: Margunn Hjelmeset

Finn fram dagen er eit nasjonalt arrangement i regi av Norges Orienteringsforbund, men dei lokale arrangementa blir gjerne arrangert i samarbeid med andre lag og organisasjonar.

Så også på Ullsheim -der Finn Fram Dagen vart arrangert laurdag 9.juni. Då var det Markane IL v/orienteringsgruppa, Markane og Stryn Barneidrettsskule og Speidarane som saman stod for gjennomføringa av arrangementet.

Ein god gjeng var møtte fram, og det var mange ulike aktivitetar å få vere med på!

Alle borna gjekk gjennom nybyrjarløypa i orientering. Denne følgde hovudsakleg traseen til rulleskiløypa. Utfordrande for dei små å prøve og følgje med på kartet for å finne ut kvar ein var. I alle fall når det var så utruleg moro å springe fort avgarde på asfalten oppe i skogen...,men med litt rettleiing frå dei vaksne som var med rundt løypa, kom ein som regel til enighet slik at kartet tilslutt stemde overeins med terrenget!

Inne på skistadion, i området rundt Årestova, var det lagt opp til fleire aktivitetar som kompasskurs og belgisk orientering, samt det å kunne prøve eigne balanseferdigheiter på ei slak line...

Barneidrettsskulen hadde laga til ei memoreringskonkurranse -noko som sette hjernecellene ekstra i sving for både borna og dei vaksne.

Tilslutt var det stafett -der innhaldet på dei ulike etappane var nonstop-flytting, klossegang og sekkeløp. Dette toppa seg med at ein etter målgang fekk ete opp nonstopane!

Og sidan det i tillegg til alle aktivitetane også vanka både premiar, frukt og mat frå grillen då må det vel lov å vere godt nøgd med årets Finn Fram Dag?

Victoria Bøe Fotland, Oda Svarstad Hole og Andrea Auflem Bjørke. Foto: Margunn Hjelmeset

Victoria Fotland Bøe, Oda Svarstad Hole og Andrea Auflem Bjørke har funne fram til ein av orienteringspostane. Foto: Margunn Hjelmeset

Fleire foto frå årets finn fram dag nedanfor:

 

 

 

 

Inger Hjelmeset, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Maren Hjelmeset Kirkeeide og Victoria Bøe Fotland. Foto: Margunn Hjelmeset

Inger Hjelmeset, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Maren Hjelmeset Kirkeeide og Victoria Bøe Fotland kosar seg med melon på finn fram dagen. Foto: Margun Hjelmeset

Adrian Auflem Bjørke, Maria Aaberge, Fredrik Nesje Lindvik og Anders Svarstad Hole. Foto: Margunn Hjelmeset

Adrian Auflem Bjørke, Maria Aaberge. Fredrik Nesje Lindvik og Anders Svarstad Hole i aksjon under sekkeløpet. Foto: Margunn Hjelmeset

 

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline