Skogstjerna 06.06.2012:

Postet av Markane IL den 7. Jun 2012

God deltaking i Postvegløpet 2012

Johannes Thingnes Bø og Christine Humborstad. Foto: Inge Asbjørn Haugen

Vinnarane av Postvegløpet 2012: Johannes Thingnes Bø, Markane IL og Christine Humborstad, Stryn T&IL. Foto: Inge Asbjørn Haugen

Også i år vart det svært god deltaking i Postvegløpet. I alt 107 deltakar fullførte det 6 km lange løpet som i all hovudsak går langs den gamle postvegen. 44 deltakarar stilte opp i konkurranseklassa medan 63 stilte opp i trimklassa.

Johannes Thingnes Bø frå Markane IL vann løpet på tida 22min 50sek. Helge Kvam Karbø frå Sunnylven følgde på andreplass på tida 23min 12sek medan Helge Hafsås frå Olden IL  fekk tredje beste tid med 23min 23sek. Desse tre vart også vinnarar av kvar si klasse. Johannes vann klassa for M19-34, Helge Kvam Karbø var klassevinnar i G16-18 og Helge Hafsås sigra i klassa 35-49 år.

Raskast dame i Postvegløpet var Christine Humborstad frå Stryn T&IL på  tida 28,27. Ho deltok i yngste konkurranseklassa, J13-15. Klassevinnar i K50-59, Aslaug Thingnes Bø frå Markane IL vart nr 2 i dameklassa totalt med tida 31,28.

Markane IL hadde i alt åtte deltakarar i konkurranseklassa. I tillegg til dei nemnde klassevinnarane kom Lars og Jarle Midthjell Gjørven på andreplass i høvesvis G13-15 og M19-34. Sigbjørn Fænn kom på tredjeplass i klassa for M35-49. Komplett resultatliste for konkurranseklassane og oversikt over glade trimmarar er lagt ut nedanfor.

Resultatliste frå Postvegløpet 2012

Startfeltet i Postvegløpet 2012. Foto: Markane IL

Startfeltet i konkurranseklassa i Postvegløpet 2012. Foto: Markane IL


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline