Stryn 22.12.2011:

Postet av Markane IL den 22. Des 2011

Ola Sætren tildelt kulturprisen for Stryn kommune 2011.

Ola Sætren. Foto: Ove Sveen

Ola Sætren med diplomet som viser at han er tildelt årets kulturpris for Stryn kommune. Foto: Ove Sveen/Fjordingen.

Ola Sætren vart tildelt Stryn kommune sin kulturpris for 2011 for sin store innsats innan idrett- og ungdomslagsarbeid og politikk.

Innan idretten har han særskilt engasjert seg innan hoppsporten. Han har tidlegare vore leiar for Fjordane skikrins, leiar i langrennsutvalet i skikrinsen og leiar av anleggsutvalet. Han vart autorisert som hoppdommar i 1962.  Ola Sætren er også anleggsrådgjevar for skiforbundet i langrenn og hopp, og har mellom anna konstruert storbakken på Vangen.

 I 2005 vart han utnemnd til æresmedlem i Markane IL for sin store innsats i laget gjennom mange år.

I tillegg til engasjementet innan idrett sat han også i 11 år i kommunestyret i Stryn.

Vi gratulerer med velfortent kulturpris!

 

 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline