Hochfilzen 15.12.2011:

Postet av Markane IL den 16. Des 2011

Sesongens første verdscupsiger til Tarjei Bø

Tarjei Bø i Hochfilzen. Foto: Jan Gustavsson

Tarjei Bø vann sprinten i Hochfilzen. Foto: Jan Gustavsson

Tarjei Bø sin første verdscupsiger for sesongen kom på sprinten i Hochfilzen 15.desember.

Tarjei låg godt an heile løpet og gjekk ut blant dei fremste allereie etter første skyting trass ein bom her. Ståande skyting var ei rein oppvisning med fem blinkar rett ned. Kombinert med god fart i løypa førte dette til ei solid leiing ut frå andre skyting. Martin Fourcade var også denne gongen den næraste av konkurrentane, men måtte sjå seg slegen av Tarjei Bø med 4 sekund i mål. Timofey Lapshin følgde på tredjeplass.

Sigeren på sprinten fører også Tarjei Bø opp i leiinga i verdscupen samanlagt med 265 poeng så langt. Martin Fourcade følgjer på andreplass med 253 poeng.

Laurdag er det klart for jaktstart i Hochfilzen . Då går Tarjei ut som første løpar. Dermed kan det kome fleire store prestasjonar i løpet av helga...

 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline